Hovudfaget mitt

Ein snøfri januardag i 2006 smalt dei store, tunge dørene i Ullevålsveien 5 att bak meg for siste gong. Sjølv om det var kjøleg, var det mest som eit vårleg drag i lufta. Eg stod og smilte litt for meg sjølv og prøvde å hugse kva eg hadde sagt og gjort under presentasjonen av hovudfaget mitt tidlegare den føremiddagen.

Det var sjølvsagt ikkje siste gongen eg sette mine føter på Kunst- og håndverkskolen, alias Statens Håndverks- og kunstindustriskole, alias Kunsthøgskolen i Oslo (som skulen har heitt sidan 1996, då den vart slått saman med Statens kunstakademi, Statens teaterhøgskole, Statens operahøgskole og Statens balletthøgskole). Men det var siste gong som student. Frå den dagen av var eg ferdig studert (inntil vidare, i det minste).

Som ein av seks i det siste hovudfagskullet på KHiO nokonsinne, før mastergraden tok over, presenterte eg mitt praktiske hovudfag fredag 27. januar 2006 klokka 9.00 for professor Reidar Holtskog og sensorane Ina Brantenberg (hovudsensor for alle kandidatane) og Halvor Bodin (sensor for mitt prosjekt).

Hovudfaget bestod av 3 semester (1½ år). Det fyrste bestod av førelesingar og kurs, medan dei to siste semestra i heilskap var sette av til jobbing med det sjølvvalte hovudfagsprosjektet. Dette prosjektet skulle ende i ein skriftleg del og ein praktisk del, som i utgangspunktet skulle bygge på kvarandre. Fyrst skulle ein skrive den skriftlege oppgåva, for så å bygge den praktiske delen på denne. Sjølv om dette var den vanlegaste rekkefylgja, var emnet til den skriftlege delen som oftast valt ut ifrå kva praktisk oppgåve ein ynskte å gjere. Ein måtte så levere den skriftlege delen til sensurering fyrst, og fekk ein godkjent denne av sensorane (i mitt tilfelle Halvor Bodin), fekk ein fortsetje med, og levere, den praktiske delen – ikkje før. Den endelege karakteren vart sett med dei to delkarakterane som grunnlag, der vektinga var hhv. 33% og 66% på den skriftlege og praktiske delen.

\Den skriftlege delen av hovudfaget mitt heiter Kritikk av visuell kommunikasjon (last den ned her) og er ein slags meta-betraktning av fenomenet kritikk av visuell kommunikasjon i Noreg, samt at den òg kan lesast som ein kritikk av fagområdet og utøvarane. Motivasjonen for oppgåva var frustrasjon over det fenomenet Maziar Raein peikar på i bloggen limitedlanguage.org:

The perpetrator of this illusion is the designer, be they fashion, product or graphic designer. Most designers have given up a genuine curiosity for the world around them and don’t even attempt to respond in a meaningful and poignant way to the issues facing them. Instead, they submissively reach for the latest contribution from the trend machine and adjust their ‘design’ by styling it. There are only a minority of designers who actually design, most of them have become stylists.

Ulikt dei fleste av medstudentane mine, var det den skriftlege oppgåva som var viktigast for meg, sidan emnet eg skreiv om var noko eg brann for å undersøke djupare. Difor var det ei utfordring for meg å finne ut kva eg kunne gjere i den praktiske delen, som hadde samanheng med kritikk av visuell kommunikasjon. Det endte opp med eit prosjekt som ved fyrste augekast kanskje har ein litt vag samanheng, men som, når ein ser nærare og forstår heilskapen, er relevant: eg ynskte å kommunisere forskinga til fyrsteamanuensis Dino Karabeg ved Universitetet i Oslo til omverda. Karabeg er matematikar med algoritmeteori som spesialfelt, men har dei siste femten åra via all tida si til å drive forsking på korleis vi som samfunn skapar og brukar informasjon. Denne forskinga har ført til utviklinga av eit konsept han kaller informasjonsdesign og metodologien Polyscopic Modeling Methodology. Den praktiske delen av hovudfagsprosjektet mitt enda med eit filma intervju med Karabeg og design av boka han held(t) på å skrive om forskinga.

Her er intervjuet (49:18):

Og her er bokdesignet (du får nok mest ut av designet om du ser intervjuet fyrst):

\\\\\\\\\\\\\\\\\\\\\\\\\\\

Så vidt eg kan hugse brukte eg omlag to timar på presentasjonen av den praktiske delen av hovudfaget mitt, inkludert ‘grilling’ frå sensorane. Grillinga var heldigvis ikkje så veldig smertefull, for dei var ikkje der for å setje meg til veggs. Dei var der for å skape seg sjølv ei så grundig som mogleg forståing av prosjektet mitt, slik at dei best mogleg kunne vurdere kvaliteten på det. Det var utan tvil den grundigaste og mest konstruktive prosjektgjennomgangen eg hadde vore med på i løpet av mine 4½ år på KHiO.


About this entry